Beredskapsvenn

Kven er beredskapsvennen din?

Styresmaktene ber alle finne seg ein beredskapsvenn: nokon du avtaler med på førehand om å hjelpe kvarandre i ei krise. Her finn du ein, og skriv ned avtalen.

Kom i gang

Kva er ein beredskapsvenn?

Ein nabo, venn eller slektning du har avtalt noko konkret med. De deler utstyr og varer, kan ta imot kvarandre, hjelper til med praktiske oppgåver og ser til kvarandre.

Slik gjer du

  1. Logg inn med e-postadressa di. Du treng ikkje passord.
  2. Fyll ut kva du kan bidra med. Grove svar held.
  3. Inviter nokon du kjenner, eller finn nokon i nærleiken. Skriv ut avtalen.

Nettstaden er ubrukeleg den dagen det gjeld

Krisa vi førebur oss på er den der straum, internett og telefon er borte. Difor skal alt gjerast på førehand, og avtalen endar på papir, på kjøleskapet.

Vi lagar inga liste over kven som har kva

Du svarar grovt, ikkje med lager og mengder. Andre ser avstand og kva former for hjelp du kan gje. Namn, adresse og telefonnummer blir berre viste til den du har avtale med.